argh!
ER SO INNI HELV.. LEI AV DENNE REKLAMEN SOM BLOGG.NO NYTTER..
litt om det som skjer i burøysund
ER SO INNI HELV.. LEI AV DENNE REKLAMEN SOM BLOGG.NO NYTTER..
47 år. f..
sjyvottane mine skal no få eigne namnelapper
dei er fine
98 timer til eg er attende i burøsund. lang ferie var godt, men no saknar eg det som berre finst der ute 
nydele vær! sommarvarmt. dermed er det maling og skjelvande knær i stigen. veit at huset treng dette når vind, snøkave, regn og kulde snart kjem. medan kjæresten rydda opp fekk eg med meg nokre liter krøkebær.
http://www.helseogkost.no/content/pdf/14085
eg lengtar meg heim til burøysund.
kan slett ikkje sjå arnøya, knapt næraste nes. inne er det vamt. tidligare retur til tromsø i dag; med rein og våt klesvask pakka med. heime venter umalte veggar, dører, vaskerom som skal få seg fliser og ein garasje som .. til jul er me nok ferdige
på ferja utøve var det ei dame som spurde kor tid eg kjende roa komme; på veg utøve, på ferja, turen til vannareid eller var det når me kom oss i huset her i burøysund? ikkje godt å sei, men når me dreg frå tromsø so er det fast kommentar: - no e me på veg! kjensla av ro er på plass når me kjem oss i hus.
morgon. det er godt å vakne her. eg har nemt det før, kan ikkje anna enn å nemne det igjen. frisk vind inn glaset. lyden av havet. måsen min som varslar at no treng eg slett ikkje å sove lengre. har ofte morgonstunda åleine. kjæresten har kvelden i einerom. ulikt behov for søvn er til å leve med.
eg trivs. har det travelt. men godttravelt. timane flyr. timane på sykkel til/frå jobb er gull verdt. no har eg knausgård med som følge.
47, Tromsø
velkommen! her vil du finne små ord om det som skjer, eller det som slett ikkje hender. legg gjerne att meiningar, tankar eller anna..om ditt ve og vell. snakkes!