gjennomtrekk!!

tenk å vakna her i burøysund! sola skin, trass at ho òg var her då eg la meg. vanskele å sei at det var natt når det er høglyse dagen.. må verkele få med meg heile døgnet no- når det snart er slutt på midnattsoli! i skuggen er det 24 varme grader.. føremiddagen har vore på ei madrass .. slumring! på altanen. eg er velsigna med ein milde bris. blir rusa av lyngen og det salte havet! i natt var me samla på kaien. alle som kunne (og ville) hylla denne vakre plassen. so indeleg glad for at me fekk sjansen til å oppleve dette. snakk om inkludering. kjærasten holdt nok ut i mange timar, eg måtte i seng litt før planen. syklinga har vore so kjekk, men eit tussite kne protesterer. det er ømt, raudt og varmt. signal om å roe det heile litt?? har korkje lyst eller behov for å ligge..men likevel kjenner eg at dèt er lurt.

det vetle, gule huset vårt kroar seg i varmen! alle vindu opne. nydele å kjenne gjennomtrekken.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

ingebjørg lavoll gjesvik

ingebjørg lavoll gjesvik

46, Tromsø

velkommen! her vil du finne små ord om det som skjer, eller det som slett ikkje hender. legg gjerne att meiningar, tankar eller anna..om ditt ve og vell. snakkes!

Kategorier

Arkiv

hits