turist!?

har vore innom kontoret i tromsø, og fullasta med permer, data, mat og sykkel tok eg bussen heimøve til burøysund. ved prostneset stod ei stor gruppe som skulle same veg. det var høg gitar og vinfaktor. karlsøyfestivalen starter i morgo...og dei visaste er tidleg ute. sjølv om det var visesang og noko klirring sovna eg. men var vaken og glad då ferja kom. på øvste dekk møtte eg naboen og ei noko forvirra dame med dialektmål frå oslo. svartkledd og klar for festival spurde ho om navn eg slett ikkje kjende.

- er du ikke turist?! endå meir forvirra ser ho på meg. frå topp til tå
- nei, ser eg slik ut???! glipp det ut av meg

turist... eg er no jammen ikkje turist!
medan dei nyankomne set seg i ring,- tenke eg at eg slett ikkje vil sitte der med dei. går derfor ned i kafeen og kjøper min kaffi. godt å bli møtt av eit kjent blikk som har servert meg før.

dei andre går i land på karlsøya, eg blir ståande å sjå ned på dei. vinkar slett ikkje. er ikkje turist.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

ingebjørg lavoll gjesvik

ingebjørg lavoll gjesvik

46, Tromsø

velkommen! her vil du finne små ord om det som skjer, eller det som slett ikkje hender. legg gjerne att meiningar, tankar eller anna..om ditt ve og vell. snakkes!

Kategorier

Arkiv

hits