ny dag, nytt år

siste dag i 2010. tema under frukosten har vore kor fort dette året har gått. vel- eg kan tenke attende. forstå det som har skjedd på ein ny måte. fordi eg ikkje lenger er midt i det som skjer. utfordringa er jo å ta tak i det faktum at eg ikkje kan vere nokon annan plass en i det som skjer no. eg kan tenke både att og fram.. men kan kun handle her og no. det er ikkje lett- og samstundes er det veldig lett. det fine med å være i det som skjer no er at notida sjelden inkluderer sut. den er desto meir rådande i tanker som gjeld det som skal kunne skje eller det som har skjedd. men akkurat NO er det lite å streve seg opp med. faktisk. desto større grunn til å være merksam på det som skjer her & no.

 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

ingebjørg lavoll gjesvik

ingebjørg lavoll gjesvik

46, Tromsø

velkommen! her vil du finne små ord om det som skjer, eller det som slett ikkje hender. legg gjerne att meiningar, tankar eller anna..om ditt ve og vell. snakkes!

Kategorier

Arkiv

hits