om ro & morgon i sundet

på ferja utøve var det ei dame som spurde kor tid eg kjende roa komme; på veg utøve, på ferja, turen til vannareid eller var det når me kom oss i huset her i burøysund? ikkje godt å sei, men når me dreg frå tromsø so er det fast kommentar: - no e me på veg! kjensla av ro er på plass når me kjem oss i hus. 

morgon. det er godt å vakne her. eg har nemt det før, kan ikkje anna enn å nemne det igjen. frisk vind inn glaset. lyden av havet. måsen min som varslar at no treng eg slett ikkje å sove lengre. har ofte morgonstunda åleine. kjæresten har kvelden i einerom. ulikt behov for søvn er til å leve med.

 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

ingebjørg lavoll gjesvik

ingebjørg lavoll gjesvik

46, Tromsø

velkommen! her vil du finne små ord om det som skjer, eller det som slett ikkje hender. legg gjerne att meiningar, tankar eller anna..om ditt ve og vell. snakkes!

Kategorier

Arkiv

hits